torsdag 30. juni 2011

Minnar om "Gje-borten" min..



Bli med på min aller første "Gje-bort"!
Kun få dagar igjen..
Sjå her for meir opplysningar.


post signature

tirsdag 28. juni 2011

Har du lyst på ein?

Her er Moster, Sofia, Lars og Bjørg!
(Dei kom til 3.juni på Moster Bjørg og Sofia sin dag.
Den siste heiter Lars ettersom me mista den forrige Lars.)



4 søte, små kattungar

Du kan få ein, og to om du vil.
På ein betingelse - at du er snill med den ☺


post signature


søndag 26. juni 2011

Sjekk min kule gule lysestake og Rom123

Har du sitt meg i Rom123?!
Eit bitte lite bilete på NIB sine sider laangt bak i bladet.
Men som sagt synest eg det er stort for lille meg!




Eg har 5 av desse messingstakane.
2 kvite og nå ein kule gule.
Dei andre skal òg snart få nye farge.
Det må vel bli ein i mint tenkjer eg.
Og kanskje ein lilla?!




Stas!!




Nå er Glansdagen over for denne gong.
Håpar dykk har hatt det super dupert!

Reknar med det har blitt ein heil del shopping og champagne og latter drøs!
Neste år skal eg og vera med!!
Men eg har det ganske greit eg og - i Tyrkia ☺

post signature


fredag 24. juni 2011

Jelsa - bileter og Gulljenter


Forrige helg hadde eg med meg jentene til svigers hytta på Jelsa.
Me kosa oss ein heil haug - sjølv om me berre blei 5.



Eg tek meg den friheit å legg ut 2 bileter av dei.
Dei er jo så fine og fotogene,
så det har dei sikkert ikkje noko i mot ☺


For 2 år sidan vann Jelsa prisen for den mest idylliske staden i Rogaland.
Fister kom til finalen, men måte sjå seg slått av Jelsa.
Det er fint på Fister, men eg syntes altså Jelsa er meir idyllisk.
"Idyll 2008" heiter prisen.



Sørlands idyll i Ryfylke..



Ei ørn svevde over oss på kvelden.
Då fekk eg testa det nya objektivet skikkeleg.
Fekk zooma ein heil del, men å ta bilete av ei svevande ørn
 rett over hovudet mitt viste seg å ikkje vera lett.
Spesielt når ein er litt andpusten etter å ha sprunge
 for å finna objetivet i tillegg..
Detta blei jo alikavel ikkje så verst.
Me trudde det var ein slange den hadde fanga,
men etter litt zooming trur eg det er ei nebbsild.


Bensinstasjonen på Jelsa..



Har leika meg litt i photoshop.




Fin kveld med latter, vin og brettspel.


Og her er nok eit bilete av dei fine Gulljentene.
Me skulle ner å kjøpa is, og oppdaga at det var eit bryllaup på gang.
Her sit me å ventar spendt på bruden.
Herlige jentene mine - dykk er dei beste♥

post signature

onsdag 22. juni 2011

Vinn Kelly Moore veske

kan du nå vinna ei fin og praktisk veska/fotobag.



Går du inn på Fotobag.no, kan du sjå fleire fine vesker.
I ulike fargar og fasongar.

Min favoritt er Juju - grey,
sjølv om eg aller helst kunne tenkt meg ei grønn..
Men formen på denna var finast.

Bilete er låna av Jorid - Noe på Hjertet


post signature


mandag 20. juni 2011

På jakt etter oransje..



Ida Susanne ber oss om å visa våre oransje detaljer.
Oransje? Her?
Håplaust - tenkte eg. Eg har jo ikkje oransje i hus.
Hadde det vore for nokre år sidan, hadde eg hatt både hus,
 soverom og loftstove eg kunne vist i ulike nyansar. 
Men det har eg måla over i litt meir delikate fargar...
Unnskyld svigermor  - veit du meinar det same nå ☺
Problemet med å ta over huset etter svigers,
er at det ikkje er heilt det sama å visa
 fram før etter bilete og klaga og syta over korleis
det såg ut før og kor fint det blei etter.
Iallefall ikkje når svigermor er bloggens flittigaste besøkar.... ;)
Men altså, med litt grubling kom eg fram til eit par ting med denna fargen.
Det meste fann eg i hobbykorga.


Eitt einaste stusseleg garnnøsta.
Berre eitt.



Saft og knust is i eit stort glas på ein varm sommardag.
mMmm..



Men så tok eg med meg kamera ut ein tur. Der fann eg mykje oransje ting.
Eg seier ikkje at alt er lika fint eller dekorativt, men oransje er det iallefall.
Og alt fann eg akkurat slik du ser det på bilete.


Fotball og sag i tre, fiskakrok på rekkverket - ja, det er heilt normalt her.

Det raude bygget øverst og til venstre her,
er hønshuset som sto ferdig i august 2008 - året alt skjedde:
Januar - oppussing og baby og oppussing
Februar - flytting og oppussing
Mars - oppussing før dåp og start av hønshus bygging
Mai - bryllup ♥
August - hønsa på plass

Eit travelt, innhaldsrikt og fint år!
post signature

lørdag 18. juni 2011

Min aller første "gje bort"!

Eg feirar og du får premie!

Detta er mitt 100ede innlegg,
og faktisk trur eg at eg rundar
40.000 besøkande med akkurat detta innlegget.
I tillegg så kjem det eit lite bilete i ROM123 denne månaden.
Det kjem i butikkhylla på mandag.
Eg har faktisk allereie kjøpt det!
Ja, altså - det er berre eit lite bilete.
Men for lille meg, er det alikavel ganske stort!








Detta må du gjera for å ha ein sjangs til å vinna:

1. 1 lodd for kommentar på innlegget.
2. 1 lodd for å følga bloggen min.
3. 1 lodd for å lika Feien og Fjong på facebook
4. 1 lodd for å dela link til detta innlegget på blogg eller facebook.


Går du for full pott, altså 4 lodd,
har du sjølvsagt større sjangs for å vinna. Seier seg kanskje sjølv..
Alle kan delta, med eller utan blogg.
Trekning blir 3.juli - då er eg nett komen heim frå Tyrkia ☺
Lukka til!

Nå er det helg - og eg er så heldig å skal ha med meg
 5 fantastiske venninner til hytta (svigers si) på Jelsa.
Piker, vin og sang - heile helga!
Glede!

post signature

onsdag 15. juni 2011

10 ferdige vimpelrekker og 9 for levering

Hurra!
Endeleg fekk eg sett meg ned på symaskina nokre timar.
Ja, det blei ein del timar faktisk.
Og resultatet er 10 ferdige vimpelrekker.

Ok. Har juksa litt.. 4 av dei laga eg i haust.
Nå kjem dei i ny og finare design.
Høyres flott ut det?
Det nye er berre at det er litt kortare avstand mellom kvar vimpel,
og total lengden blei vel omtrent halvparten av det dei var før.
Men det blei mykje betre.
Så beklagar søte jenter/gutar som har fått den gamle designen ;)
Men dei er vel ikkje så verst dei heller får eg håpa.

Så - over til det kjekke: bileter av vimplane.




Sukkersøte rosa vimplar til søte jenter.




Desse har den nye designen.




Lyseblå, kvit og med blomster.
Etter forrige vimpel-innlegg har eg fått bestilling på 9 vimplar.
Syntes det er litt stort eg!




Eg tek i mot bestilling.
Ei vimpelrekke kostar 200,-




Dei under her, er "gamal" design.




Kvifor ein er din favoritt?

I neste innlegg blir det "gi bort".
Min aller første!
Må feire mitt 100ende innlegg og 40.000 besøkande og endå ein ting,
 men det skal eg koma tilbake til.
Tjihi...

post signature

mandag 13. juni 2011

Peoner og bloggetreff

Det er så fint med peoner.
Både i hagen og i ein vase på bordet.




Her har du eit lite glimt frå brudebuketten til storesøster som gifta seg for 2 veker sidan.




Dei hadde òg ein peon i vase på bordet i lag med kvite nelliker.
Skal visa litt meir ein anna dag.
Neida, det skal sjølvsagt ikkje gå 9 dagar til neste innlegg.


Sist veke hadde me eit kjempe koseleg bloggetreff sjå Manuela.
May Helen er allerede i gong med planlegging av eit nytt treff i august.
Veldig kjekt å treffe dykk og me sjåast snart igjen ☺

Både May Helen og Manuela er nominert til Årets beste blogg, kategori Interiør og Kvardag.
Du kan stemma kvar dag her.


Bildet er lånt av Mrs Hardy.

Her er alle som deltok på bloggetreff, eller nerdetreff som bonden kaller det..
Jaja, eg kan godt vera nerd blandt desse kjekke jentene ☺

I dette øyeblikk sit eg ute på terrassen å høyrer på spikring inne.
Herlig lyd - snart eit punkt på "to do" lista som kan strykast.
Åå, eg må jo forta meg å ta før bilete..

post signature

lørdag 4. juni 2011

Ruth Røssevoll

Marianne delar ut gensrar frå
 Ruth Røssevoll til 2 heldige vinnera.

Heile Pink Collection til Ruth Røssevoll får du til
spesialpris til kr. 500,- pr. plagg i Ruth sin nettbutikk
Detta er STERKT reduserte prisar! 

"Kolleksjonen er i den skjønneste bomullskvalitet med mange små detaljer som hjerter og skrift. Snittet er også helt unikt og fremhever våre kvinnelige former." skriv Marianne med bloggen Shabby Charm.








Detta er genseren og tightsen du kan vinna.
Nydeleg!

Du kan òg kjøpa klær frå Ruth Røssevoll på Ein Rød Knapp på Tau.

post signature

torsdag 2. juni 2011

Thaisuppa

Her er ei oppskrift til som du berre prøve. Ei kjempe god suppe!

Thaisuppa!




Dette treng du til 4 personar

1,5 ss ingefær
3 kvitløksfedd
1 stk grønn chili
1 ss soyaolje
1-3 ts rød currypaste. Kjem ann på kor sterk du vil ha suppa. 
6 dl vatn
2 terningar kyllingbuljong
1 boks kokosmjølk
Valgfrie grønnsaker

Finhakk kvitløk, ingefær og chili (ta ut frøa frå chilien)
Fres dette i ei gryte med soyaolja. 
Ha i currypaste og fres dette saman med kryddera.
Ha på vatn og kyllingbuljong. Kok opp og ha i kokosmjølk.

Ha grønnsaker opp i suppa og la det trekke 5 minutter før servering.

Ein kan ha i reker, fisk, kylling eller svinekjøtt.
Eg syntes det er godt med kylling, men òg god som vegetar!

Nyt!

post signature