29.september er det Interiør og boligmesse i Bergen. Eg har eegentlig slått det frå meg, men for kvar dag som går har eg sjølvsagt berre meir og meir lyst. Bonden er på fotball-guttetur i England den helga, så aller først må eg jo få barnevakt. Nokon som meldar seg frivillig?! ;-)
Dei har ei stylist konkurranse med valgfritt tema og stil.
3 finalistar blir valgt ut til ein speedstyling på messa lørdagen.
Reis og opphold blir dekka, og då kan ein jo ikkje anna enn å iallefall prøva.
Det øverste er mitt bidrag. På bilete ser du sofakroken og favorittfargane akkurat nå. Lampen er heilt ny. Skjerm frå Tinek og fot fra Fretex som har fått ein runde med svart silkematt spraymaling.
Blei den ikkje fin vel?
Sola har Jonah mala i barnehagen i sommar. Synest det var midt i blinken ettersom sola ikkje viser seg så mykje som me kanskje vil. Nå har me sol kvar dag.
Nå skal det pakkas ferdig for eg skal på jentetur til Spangereid.
GLER meg ♥